top of page
Har de tenkt på å bli fosterheim?​

Over 300 barn ventar på å få kome i fosterheim, talet er stigande. Barnevernpartner AS rekrutterer og fyl opp fosterheimar. Les meir under eller ta kontakt om du ynskjer meir informasjon om det å bli fosterheim.​​

 
Andre tenester

Med over 20 års erfaring tilbyr vi rettleiing til tilsette/nytilsette i barnevernet, besøksheimar, utredning og oppfølging av enkeltsaker, tilsyn i fosterheim og andre skreddarsydde tiltak/tenester. 

​

Ledig kapasitet

Vi har ledig kapasitet i Sogn og omegn på:

- tilsynsførar i fosterheim,

- tilsyn under samvær

- veiledning til tilsette i barnevernet.

- fylgje opp fosterheimar/familieheimar

- vi kan ha kapasitet på aktuttbistand, så send gjerne ein førespurnad ved behov.

- utover hausten vil vi ha ledig kapasitet på kontaktperson i enkeltsaker

​

​

 

 

​

Kva treng ein fosterheim – eigentleg?

​

De treng å ha:​​

  • omsorg å gi, og plass i hjartet til eit barn eller ein ungdom

  • tid og overskot til å følgje opp kvardagen til eit barn/ungdom

  • eit ledig soverom og plass i heimen

  • ein nokolunde stabil kvardag

  • vilje til å samarbeide med skule, familie og hjelpeapparat

  • moglegheit til å vere heilt eller delvis frikjøpt frå jobb – særleg dei første åra​

​

De treng ikkje:

  • vere “perfekte” (det er ikkje fosterbarn heller)

  • ha stort hus, hage eller «A4-liv»

  • ha svar på alt frå starten av

  • stå aleine 

​

Kva tilbyr Barnevernpartner AS?

  • uforpliktande samtalar og informasjon for dykk som berre er i "tenkeboksen"

  • tett fagleg støtte og oppfølging før, under og etter at de får ei plassering

  • tilgjengelegheit for råd og støtte når de treng det

  • avlastning etter behov

​

​Målet er å saman skape trygge oppvekstvilkår for barn og unge som bur i fosterheim. Du kan kontakte oss på telefon eller e-post  

Hjemme førskoleopplæring

Nysgjerrige på å bli fosterheim?

Mange barn ventar på å få ein ny heim

Om Barnevernpartner AS

Eg heiter Lene Borlaug og står bak Barnevernpartner AS. Selskapet er etablert for å tilby fagleg solide barnevernstenester.
​
Eg har over 20 år erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar i barnevernet, kombinert med leiarerfaring og mastergrad. Eg underviser også i barnevernspedagogikk på Høgskulen.
​
Fagleg bakgrunn:
  • Bachelor i barnevern
  • Vidareutdanning i samspel og tilknyting, samt psykososialt arbeid med barn og unge
  • Mastergrad i tverrfagleg arbeid med barn, unge og familiar
  • Kurs/kompetanse: Crowell-prosedyren, traumebevisst omsorg, Trygg base, Lederløftet m.m.
​
Erfaring:
  • Over 20 år i barnevernsfeltet – tiltak, saksbehandling, oppfølging av fosterheimar og leiing
  • 9 års leiarerfaring, mellom anna frå barnevernstenesta​
  • Høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet
​
Gjennom Barnevernpartner AS ønskjer vi å ha fokus på tett og god fagleg oppfølging av fosterheimar, besøksheim, rettleiing til tilsette i barnevernet, kontaktperson i enkeltsaker og andre skreddersydde tenester. 

​​​

Ta kontakt på telefon eller e-post.
IMG_6032.jpeg
bottom of page