Har de tenkt på å bli fosterheim?
​
Barnevernpartner AS gir informasjon og fagleg rettleiing til familiar på Vestlandet som tenkjer på om dei kan bli fosterheim.
​
Her kan de få vite meir om kva ein vanlegvis treng for å bli fosterheim, og kva slags støtte de kan få undervegs dersom de går vidare i prosessen.
​
Eg har over 20 år erfaring frå barnevernet, med særleg engasjement for fosterheimsarbeid og god oppfølging av familiar som tek imot barn og unge.
​
Lurer de på om fosterheim kan vere noko for dykk?
Les meir nedanfor, eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.
​

Kva treng ein fosterheim – eigentleg?
​
De treng å ha:​​
-
omsorg å gi, og plass i hjartet til eit barn eller ein ungdom
-
tid og overskot til å følgje opp kvardagen til eit barn/ungdom
-
eit ledig soverom og plass i heimen
-
ein nokolunde stabil kvardag
-
vilje til å samarbeide med skule, familie og hjelpeapparat
-
moglegheit til å vere heilt eller delvis frikjøpt frå jobb – særleg dei første åra
-
evne til å vere varme, tydelege og tålmodige – også når det stormar
​
De treng ikkje:
-
vere “perfekte” (det er ikkje fosterbarn heller)
-
ha stort hus, hage eller «A4-liv»
-
ha svar på alt frå starten av
-
stå aleine
​
Kva tilbyr Barnevernpartner AS?
-
uforpliktande samtalar og informasjon for dykk som berre er i "tenkeboksen"
-
tett fagleg støtte og oppfølging før, under og etter at de får ei plassering
-
tilgjengelegheit for råd og støtte når de treng det
-
tett samarbeid med det offentlege hjelpeapparatet der barnet høyrer til
​
​Målet er å saman skape trygge oppvekstvilkår for barn og unge som bur i fosterheim. Du kan kontakte oss på telefon eller e-post

Nysgjerrige på å bli fosterheim?
Mange barn ventar på å få ein ny heim
Om Barnevernpartner AS
Eg heiter Lene Borlaug og står bak Barnevernpartner AS. Selskapet er etablert for å tilby fagleg solide barnevernstenester – i første omgang med særleg fokus på rekruttering og oppfølging av fosterheimar på Vestlandet.
​
Eg har over 20 år erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar i barnevernet, kombinert med leiarerfaring og mastergrad. Eg har eit veldig stort engasjement for fosterheimsarbeid og meinar at det er viktig å gi tett og god oppfølging i eit så viktig oppdrag.
​
Fagleg bakgrunn:
• Bachelor i barnevern
• Vidareutdanning i samspel og tilknyting, samt psykososialt arbeid med barn og unge
• Mastergrad i tverrfagleg arbeid med barn, unge og familiar
• Kurs/kompetanse: Crowell-prosedyren, traumebevisst omsorg, Trygg base m.m.
​
Erfaring:
• Over 20 år i barnevernsfeltet – tiltak, saksbehandling, oppfølging av fosterheimar og leiing
• 9 års leiarerfaring, mellom anna frå barnevernstenesta
​
Gjennom Barnevernpartner AS ønskjer eg å ha fokus på tett og god fagleg oppfølging av fosterheimar.
​​

